fredag 16. september 2011

Ein haustkveld i Brundedn


I Brundedn er det nett som om tidi har stått still. Gardsbruket 17/62 vart fråflytt for ei tid sidan. Om det var i 70- eller 80-åri veit eg ikkje. Bygningane etter han Bøllamann har ein heilt sereigen utsjånad. Den moderne tidi har liksom aldri nådd Brundedn. I denne herlege bakevja kan ein verkeleg finna roen.

torsdag 15. september 2011

Har me gløymt identiteten vår?

ALDRI FØR har kulturlandskapet, og dermed identiteten, vore truga i so stor mun som no. På kommunen si heimesida i 2003 kan ein lesa:
Velkommen til frukthagen ved Sognefjorden
Altso: Leikanger kommune nytta identiteten og dei sereigne kvalitetane for å lokka folk til bygdi. No ser denne strategien ut til å vera gløymd. Då kommuneplanen vart revidert i 2008 la kommunen opp til massiv nedbyggjing av dyrka mark, serleg på Njøs og i Hola. Jamvel Statens Forsøksgard ynskte kommunen nedbygd. Dei fleste planlagde bustadareali på Njøs fekk til all lukka motsegn av styresmaktene.



Å SATSA EINSIDIG på å gjera nytt tomteland tilgjengeleg er dårleg langtidsplanleggjing. Me har eit levande landbruk, fantastisk natur og eit flott og sereige kulturlandskap. Desse kvalitetane må me ta vare på. Det er slike kvalitetar folk vil sjå etter når dei skal busetja seg i framtidi.



ME MÅ SPARA den beste dyrka marki og det finaste kulturlandskapet for nedbyggjing. Det er ikkje noko problem å finna alternative bustadareal. Det er òg viktig å ta vare på dei små tingi. På Skitmyrane stod ei gamal, flott uteløa der som no er friareal. Denne vart rivi i samband med utbyggjing av bustadfeltet, sjølv om ho ikkje stod i vegen på nokon måte. I seg sjølv var det kanskje ingen katastrofe, men i lag med mange andre liknande tilfelle, vert tapet ganske stort på sikt. I sentrumsplanleggjingi er det viktigt å hindra nedbyggjing av frukthagen mellom Ungdomshuset og Røysumen, slik at me framleis kan ha litt av kulturlandskapet med oss inn i sentrumsbiletet. Det er òg viktigt å ta vare på nokre fleire gamle bygningar, som Skak-Nils-bui brannstasjonen.

Ja til styrkjing av Systronds-identiteten når kommuneplanen skal reviderast!