mandag 17. oktober 2011

Nynorsk av i dag?

Den nye 2012-normalen for nynorsk er nett vorten vedteken. Etter 150 års målreising kan altso dette vera tilstanden i nynorske lærebøker:


Pål liker å svømme, og han er blitt den beste svømmaren på skolen. Han trener alle dagar, til og med søndag tar han seg ei økt. Søstrene hans er kritiske til all treninga hans. Nå må du gi deg, seier dei ofte til han når han møter dei i stua. Nå må dokker gi dokker sjølv, svarer han alltid da, dokker ville sjølv hatt godt av å bevege litt på dokker. Pål blir litt lei seg av denne kritikken, og da drar han  gjerne ned på stranda og finn flate steinar som han kastar ut i bølgene mens han tenker: Skulle ønske at eg hadde søsken som skjønte meg.

onsdag 12. oktober 2011

Nytt bustadfelt på Systrond


I 2008 kom Arne Monrad Johnsen (Sp) med framlegg om nytt bustadfelt i området mellom Halland og Henjum. Samtlege grunneigarar er positive. Her kan det byggjast minst 65 attraktive bustader med panoramautsikt, som ikkje legg beslag på dyrka mark! I tillegg vil feltet kunna utvidast mot aust, for Bakk-Per har sagt seg viljug til å selja ut tomter på si jord òg.

Dette feltet må takast inn i arealplanen når den skal reviderast!