fredag 11. november 2011

Sagi og Skitmyrane

I dag er det nøyaktig seks år sidan det var byggjestart for bustadfeltet på Skitmyrane og Hjedl. Gravemaskinene gjekk i gang der fredag 11. november 2005. Det har vore store forandringar. Før var det beitemyrar for sauer og hestar. Sagi til Agnar Gåserud stod frå 1981 til 2000. Biletet viser Skitmyrane i 2004. I dag er ikkje området til å kjenna att.

Les om Sagi og Skitmyrane i neste utgåve av Systrendingen som er i sal på Leikanger bokhandel i desember!

mandag 7. november 2011

Ei varig løysing for Fv 185 Njøs-Valbrekka

I desse tider går Leikanger kommune i gong med å planleggja utbetring av Fv 185. Når ein skal gjera omfattande endringar på vegen, er det viktigt å gjera det skikkeleg. Det er serleg to strekningar som er konfliktfylde: Njøsavegen og Berlebakken. Her er det mykje å henta på god langtidsplanleggjing.

Njøsavegen er so smal at han best kan tena som gangveg. Ny køyreveg må byggjast i Askedalen.

I Njøsabakken er stigningi 13%, som er langt meir enn kravet i vegnormalane om maks 8% stigning. Dette fører som kjent til problem om vinteren. Er det liv laga å utbetra ein veg som likevel er for bratt? Dersom det i staden vert bygt ny køyreveg opp Askedalen, vil me få ein moderne veg med akseptabel stigning. I same slengen vert då Njøsavegen gjord om til lokalveg og gang-/sykkelveg. Me har då løyst begge problemi på best muleg måte.

Ved å ikkje røra Njøsavegen vil me heller ikkje leggja press på matjordi i området. Det finst fleire døme på at kommunane legg ned infrastruktur i nyevegen, for so å bruka dette som pressmiddel for å byggja ned dyrkamarki rundt. Langs Njøsavegen er dessutan grunneigarane negative til å avstå areal til utbetring av vegen. Ved å byggja nyevegen opp Askedalen unngår me konfliktane på Njøs, som er klassifisert som kjerneområde landbruk.

I Berlebakken er det trongt om plassen, og det finst lite areal å ta av på begge sider av vegen. Det i alle høve uaktuelt å byggja vegen heilt inn i stovedøri til Nils Henjum på Elvely. Men me har langt på veg fullgode løysingar i eksisterande vegnett. Dersom det vert bygt fortau langs fylkesvegen frå krysset med Gjertrudbakken til krysset med Dalsvegen, kan dei mjuke trafikantane nytta eksisterande gangveg til skulen via Årøyna. Eit nedre alternativ er òg innan rekkjevidd viss kommunen reparerer brui ved ullvarefabrikken og byggjer gangveg derifrå til Lundevegen. Derifrå har me allereie gangveg over Skitmyrane til Holeskard.

Det fyrste naudsynte tiltaket er byggjing av fortau langs Gjerde og reparasjon av brui ved ullvarefabrikken. Strekningi frå Riksvegen til krysset med Gjertrudbakken må ikkje rørast før ein har vurdert den her skisserte løysingi. I mellomtidi får Njøsavegen vera køyreveg og Gjertrudbakken gangveg. Men når nyevegen opp Askedalen er på plass, har me fått den beste og mest varige løysingi for både køyrande, gåande og landbruket.