Systrond - bygdi som badar i solskin og med utsikt over den verdskjende Sognefjorden. Det skulle ikkje vera vanskeleg å få folk til å flytta til denne vakre bygdi med like gode arbeidsmogelegheiter som i ein by. Men no er kommunen i beit for nytt bustadareal. Rett nok er det framleis nokre ledige tomter i private bustadfelt på Austaberg og i Trisældene, men Stadheimgarden står i stampe på grunn av usemje om vegframføringi.
For å bjoda nye systrendingar eit "variert og trygt nok tilbod på bustadsida framover" vil kommunen byggja ut Nedste Skitmyrane og Berlehagen - arealet i skråningi frå Sagi ned til Henjaelvi. Dette feltet vart regulert i fjor haust, og storparten av feltet ligg i området som kommunen kjøpte av Agnar Gåserud i 1999. Skitmyrane er faktisk det einaste planlagde bustadområdet der kommunen eig grunnen. Men om lag ein tredel av feltet ligg på privat grunn.
Næraste nabo til området, Randi Berge, har skrive fleire merknader til kommunen gjennom reguleringsprosessen. Ho opplyser om at det er snakk om ein av dei plassane på Systrond med dårlegast solforhold. Det svarer ikkje akkurat til folk sine forventningar om solvende tomter med utsikt. I tillegg er området svært bratt og blautt. Det er ikkje utan grunn at området vert kalla Skitmyrane. Prosjektet kjem utan tvil til å få ein svært høg utbyggjingspris.
Om støyforholdi skriv kommunen at "det finst fleire bustadar som ligg like nære og nærare Henjaelvi som har liknande topografi i forhold til elva samanlikna med dette planområdet. Det er ikkje kjennskap til at desse har hatt problem med støy frå elva." Randi Berge, som i praksis nesten bur i planområdet, er heilt usamd. Elvi er sjenerande veg høg vassføring, og ho har sjølv hatt støymålar og mælt støyen til å vera godt over maksgrensa.
No vil kommunen kjøpa den private delen av planområdet for kr. 113,50 per kvadratmeter, til saman kr. 450 000,-. I tillegg vil det kosta millionar å føra fram veg og infrastruktur til feltet som korkje har sol eller utsikt, men i staden trekk og støy frå elvi og grunnvatn i utømelege mengder. Det er rett og slett skammeleg om dette er det beste kommunen har å tilby!
Kart over planområdet finn de her.