I dag er det nøyaktig seks år sidan det var byggjestart for bustadfeltet på Skitmyrane og Hjedl. Gravemaskinene gjekk i gang der fredag 11. november 2005. Det har vore store forandringar. Før var det beitemyrar for sauer og hestar. Sagi til Agnar Gåserud stod frå 1981 til 2000. Biletet viser Skitmyrane i 2004. I dag er ikkje området til å kjenna att.
Les om Sagi og Skitmyrane i neste utgåve av Systrendingen som er i sal på Leikanger bokhandel i desember!
fredag 11. november 2011
mandag 7. november 2011
Ei varig løysing for Fv 185 Njøs-Valbrekka
I desse tider går Leikanger kommune i gong med å planleggja utbetring av Fv 185. Når ein skal gjera omfattande endringar på vegen, er det viktigt å gjera det skikkeleg. Det er serleg to strekningar som er konfliktfylde: Njøsavegen og Berlebakken. Her er det mykje å henta på god langtidsplanleggjing.
I Njøsabakken er stigningi 13%, som er langt meir enn kravet i vegnormalane om maks 8% stigning. Dette fører som kjent til problem om vinteren. Er det liv laga å utbetra ein veg som likevel er for bratt? Dersom det i staden vert bygt ny køyreveg opp Askedalen, vil me få ein moderne veg med akseptabel stigning. I same slengen vert då Njøsavegen gjord om til lokalveg og gang-/sykkelveg. Me har då løyst begge problemi på best muleg måte.
Ved å ikkje røra Njøsavegen vil me heller ikkje leggja press på matjordi i området. Det finst fleire døme på at kommunane legg ned infrastruktur i nyevegen, for so å bruka dette som pressmiddel for å byggja ned dyrkamarki rundt. Langs Njøsavegen er dessutan grunneigarane negative til å avstå areal til utbetring av vegen. Ved å byggja nyevegen opp Askedalen unngår me konfliktane på Njøs, som er klassifisert som kjerneområde landbruk.
I Berlebakken er det trongt om plassen, og det finst lite areal å ta av på begge sider av vegen. Det i alle høve uaktuelt å byggja vegen heilt inn i stovedøri til Nils Henjum på Elvely. Men me har langt på veg fullgode løysingar i eksisterande vegnett. Dersom det vert bygt fortau langs fylkesvegen frå krysset med Gjertrudbakken til krysset med Dalsvegen, kan dei mjuke trafikantane nytta eksisterande gangveg til skulen via Årøyna. Eit nedre alternativ er òg innan rekkjevidd viss kommunen reparerer brui ved ullvarefabrikken og byggjer gangveg derifrå til Lundevegen. Derifrå har me allereie gangveg over Skitmyrane til Holeskard.
Det fyrste naudsynte tiltaket er byggjing av fortau langs Gjerde og reparasjon av brui ved ullvarefabrikken. Strekningi frå Riksvegen til krysset med Gjertrudbakken må ikkje rørast før ein har vurdert den her skisserte løysingi. I mellomtidi får Njøsavegen vera køyreveg og Gjertrudbakken gangveg. Men når nyevegen opp Askedalen er på plass, har me fått den beste og mest varige løysingi for både køyrande, gåande og landbruket.
Njøsavegen er so smal at han best kan tena som gangveg. Ny køyreveg må byggjast i Askedalen.

mandag 17. oktober 2011
Nynorsk av i dag?
Den nye 2012-normalen for nynorsk er nett vorten vedteken. Etter 150 års målreising kan altso dette vera tilstanden i nynorske lærebøker:
Pål liker å svømme, og han er blitt den beste svømmaren på skolen. Han trener alle dagar, til og med søndag tar han seg ei økt. Søstrene hans er kritiske til all treninga hans. Nå må du gi deg, seier dei ofte til han når han møter dei i stua. Nå må dokker gi dokker sjølv, svarer han alltid da, dokker ville sjølv hatt godt av å bevege litt på dokker. Pål blir litt lei seg av denne kritikken, og da drar han gjerne ned på stranda og finn flate steinar som han kastar ut i bølgene mens han tenker: Skulle ønske at eg hadde søsken som skjønte meg.
onsdag 12. oktober 2011
Nytt bustadfelt på Systrond

I 2008 kom Arne Monrad Johnsen (Sp) med framlegg om nytt bustadfelt i området mellom Halland og Henjum. Samtlege grunneigarar er positive. Her kan det byggjast minst 65 attraktive bustader med panoramautsikt, som ikkje legg beslag på dyrka mark! I tillegg vil feltet kunna utvidast mot aust, for Bakk-Per har sagt seg viljug til å selja ut tomter på si jord òg.
Dette feltet må takast inn i arealplanen når den skal reviderast!
fredag 16. september 2011
Ein haustkveld i Brundedn
I Brundedn er det nett som om tidi har stått still. Gardsbruket 17/62 vart fråflytt for ei tid sidan. Om det var i 70- eller 80-åri veit eg ikkje. Bygningane etter han Bøllamann har ein heilt sereigen utsjånad. Den moderne tidi har liksom aldri nådd Brundedn. I denne herlege bakevja kan ein verkeleg finna roen.
torsdag 15. september 2011
Har me gløymt identiteten vår?
ALDRI FØR har kulturlandskapet, og dermed identiteten, vore truga i so stor mun som no. På kommunen si heimesida i 2003 kan ein lesa:
Å SATSA EINSIDIG på å gjera nytt tomteland tilgjengeleg er dårleg langtidsplanleggjing. Me har eit levande landbruk, fantastisk natur og eit flott og sereige kulturlandskap. Desse kvalitetane må me ta vare på. Det er slike kvalitetar folk vil sjå etter når dei skal busetja seg i framtidi.
ME MÅ SPARA den beste dyrka marki og det finaste kulturlandskapet for nedbyggjing. Det er ikkje noko problem å finna alternative bustadareal. Det er òg viktig å ta vare på dei små tingi. På Skitmyrane stod ei gamal, flott uteløa der som no er friareal. Denne vart rivi i samband med utbyggjing av bustadfeltet, sjølv om ho ikkje stod i vegen på nokon måte. I seg sjølv var det kanskje ingen katastrofe, men i lag med mange andre liknande tilfelle, vert tapet ganske stort på sikt. I sentrumsplanleggjingi er det viktigt å hindra nedbyggjing av frukthagen mellom Ungdomshuset og Røysumen, slik at me framleis kan ha litt av kulturlandskapet med oss inn i sentrumsbiletet. Det er òg viktigt å ta vare på nokre fleire gamle bygningar, som Skak-Nils-bui brannstasjonen.
Ja til styrkjing av Systronds-identiteten når kommuneplanen skal reviderast!
Velkommen til frukthagen ved SognefjordenAltso: Leikanger kommune nytta identiteten og dei sereigne kvalitetane for å lokka folk til bygdi. No ser denne strategien ut til å vera gløymd. Då kommuneplanen vart revidert i 2008 la kommunen opp til massiv nedbyggjing av dyrka mark, serleg på Njøs og i Hola. Jamvel Statens Forsøksgard ynskte kommunen nedbygd. Dei fleste planlagde bustadareali på Njøs fekk til all lukka motsegn av styresmaktene.
Å SATSA EINSIDIG på å gjera nytt tomteland tilgjengeleg er dårleg langtidsplanleggjing. Me har eit levande landbruk, fantastisk natur og eit flott og sereige kulturlandskap. Desse kvalitetane må me ta vare på. Det er slike kvalitetar folk vil sjå etter når dei skal busetja seg i framtidi.
ME MÅ SPARA den beste dyrka marki og det finaste kulturlandskapet for nedbyggjing. Det er ikkje noko problem å finna alternative bustadareal. Det er òg viktig å ta vare på dei små tingi. På Skitmyrane stod ei gamal, flott uteløa der som no er friareal. Denne vart rivi i samband med utbyggjing av bustadfeltet, sjølv om ho ikkje stod i vegen på nokon måte. I seg sjølv var det kanskje ingen katastrofe, men i lag med mange andre liknande tilfelle, vert tapet ganske stort på sikt. I sentrumsplanleggjingi er det viktigt å hindra nedbyggjing av frukthagen mellom Ungdomshuset og Røysumen, slik at me framleis kan ha litt av kulturlandskapet med oss inn i sentrumsbiletet. Det er òg viktigt å ta vare på nokre fleire gamle bygningar, som Skak-Nils-bui brannstasjonen.
Ja til styrkjing av Systronds-identiteten når kommuneplanen skal reviderast!
søndag 21. august 2011
Kommunen lét sjansen gå frå seg
I 2002 bygde kommunen ny sjukeheim på Skakgarden. Det var den store, flate frukthagen i Vevlene, blant den beste jordi i Henjagrendi, som gjekk med til dette. Til trass for dette omfattande grepet, framstår Skakgarden framleis som ein typisk gard med eit flott kulturlandskap rundt. Dette takka vera at sjølve tunet, omkransa av nokre rekkjer med frukttre, fekk liggja urørt.
Kommunen har skutla bort sin sjanse
Fleire politiske parti går no inn for å byggja omsorgsbustader i tilknyting til sjukeheimen. Den tanken er i utgangspunktet veldig god. Eit område langs den nye vegen, rett nedom sjukeheimen, låg framleis urørt i 2004. Dette arealet hadde vore ypparleg for dei nye omsorgsbustadene. Diverre valde kommunen å leggja ut bustadtomter nett her, og desse bustadene vart sjølvsagt bygde kort tid etterpå. Dette var kommunen sin beste og kanskje einaste sjanse til å realisera omsorgsbustader nær sjukeheimen. Men kommunen forhasta seg, og skutla bort denne fantastiske sjansen.
Umoralsk å byggja ned Skakgarden
Det var foreldri til den noverande grunneigaren som hadde hand om Skakgarden då kommunen oreigna frukthagen for nokre år sidan. Den nye bonden nyttar all si fritid til å driva og utvikla garden. Han seier han ynskjer å bevara garden slik han er no. Skal han lastast for at kommunen handla på ein uklok og lite framtidsretta måte for eit halvt tiår sidan? Dei fleste politiske parti går no inn for nett dette: Dei peikar på Skakgarden som areal for nye omsorgsbustader.
Finn andre løysingar
Kommunen er for seint ute. Dei korkje kan eller bør opna for nedbyggjing av Skakgarden. Leikanger kommune har spelt ut sine kort, og lyt heller sjå seg om etter alternative løysingar andre stader. Me vil aldri få den optimale løysingi på problemet, men det får våga seg. Rasering av kulturlandskapet og landbruksressursane på Skakgarden er i alle høve uakseptabelt!

fredag 19. august 2011
Å selja si eigi sjel
Ingen vil vel selja si eigi sjel? Diverre er det nett det Leikanger kommune står i fåre for å gjera.
Systrondsbygdi er i serklasse når det gjeld fruktdyrking. Heilt sidan midten av 1800-talet har dei endelause rekkjene av frukttre vore det fremste kjenneteiknet for bygdi. Og då kommunevåpenet skulde fastsetjast i 60-åri var det ikkje tvil om korleis det skulde sjå ut. Samtlege parti let frukthagane og kulturlandskapet prega fyrstesidene i valkampprogrammi deira. Det ser ut til at alle er stolte over identiteten vår. Likevel klarer ikkje politikarane å ta vare på han.
Stimulera til fruktdyrking?
Sidan 80-åri har talet på frukttre berre gått ein veg. Noko skuldast omleggjing til andre driftsformer, som på Johansgarden. Det må grunneigaren ha lov til. Likevel burda kommunen ha gjeve økonomisk stønad til dei som held fram med fruktdyrking. Uansett kostnad er det ein billig pris for å opprettholda identiteten til bygdi.
Men kommunen stimulerer ikkje til fruktal. Det dei gjer er å leggja ut bustadfelt på dyrka mark i stadig større omfang. Den mest drastiske reduksjonen skuldast omdisponering av LNF-areal. I nyare tid har me fleire døme på dette, og det mest dramatiske er utan tvil Skakgarden. I 2002 vart Vevlene (del av Skakgarden), ein stor og flat frukthage på den beste jordi i Henjagrendi ofra for å gjera plass til ny sjukeheim. Eg er viss på at kommunen kunda spart heile eller deler av frukthagen viss dei hadde bygt heimen i ein mindre plasskrevjande fasong. Ein "stjerneforma" gamleheim som breier seg utover mest heile den tidlegare hagen er neppe den mest arealsparande løysingi.
Fylkesmannen laut gripa inn
Då arealdelen i kommuneplanen vart revidert i 2008, gjekk kommunen inn for å omdisponera store areal på Njøs og Gjertrudbakken til bustadføremål. Og her er det snakk om den beste dyrka jordi i bygdi - klassifisert som "kjerneområde landbruk" på fylkesnivå. Sidan kommunen gjekk inn for slik uforsvarleg sløsing med den knappe ressursen som dyrka mark faktisk er, valde landbruksavdelingi hjå Fylkesmannen å gripa inn. Takk og pris for det!
Dei endrar fasaden
Bustader på Stadheimgarden fekk ikkje motsegn. Delvis fordi grunneigar var positiv, delvis fordi Fylkesmannen "ikkje kunne seia nei til alt". I sommar var reguleringsplanen godkjend, og ein stor del av frukthagen vart hogd ned. Tenk deg fasaden til bygdi: Tettstadsskiltet Hermansverk, vakker frukthage med gamle, store pæretre og beitande sauer med lamb... Dette vert no bytt ut med bustader. Kanskje eit symbol på at bygdi ikkje lenger er den same som ho ein gong var?
"Det er ingen skam å snu"
Nei, det er enno ikkje for seint. Sjølv om ein heil del har vorte forandra og brote ned dei siste åri, er det framleis mykje att av det gamle. Sjeli vår er verd å ta vare på. No lyt folk og lokalpolitikarar opna augo! Når kommuneplanen skal reviderast etter valet, bed eg kommunen om å visa vyrdsemd for den dyrka marki. Ein lyt heller sjå på andre mulegheiter. Eg oppmodar serskilt om å stryka dei planlagde bustadfelti i Øpstahagen og på Lahella, og å ta eit endeleg oppgjer med Reguleringsplanen Myri på Henjum frå 1996 (slik grunneigar so tydeleg har bede om).
Fruktbygdi SystrondI en Længde af mere end en geografisk Mil staar Frugttrærne i de talrige Haver langs de to Bygdeveier i en sammenhængende Kjæde, der bugter sig mellem Gaardene. Den smale Bygdevei, der strækker sig fra Grindedalen i vest til Henjumsdalen i øst, er en gammel typisk norsk Vei, der i Bakker og Slyngninger snor sig fra Gaard til Gaard og er baade interessant og afvekslende. Langs denne Vei ligger Husene saa skjult, at der paa mange Steder kun sees en Smule Tag eller Gavl imellem den tætte Skov af Frugttrær, der paa alle Kanter omringer dem. (Valentin Voss: Af en norsk Bjørnejægers Oplevelser)
Systrondsbygdi er i serklasse når det gjeld fruktdyrking. Heilt sidan midten av 1800-talet har dei endelause rekkjene av frukttre vore det fremste kjenneteiknet for bygdi. Og då kommunevåpenet skulde fastsetjast i 60-åri var det ikkje tvil om korleis det skulde sjå ut. Samtlege parti let frukthagane og kulturlandskapet prega fyrstesidene i valkampprogrammi deira. Det ser ut til at alle er stolte over identiteten vår. Likevel klarer ikkje politikarane å ta vare på han.
Stimulera til fruktdyrking?
Sidan 80-åri har talet på frukttre berre gått ein veg. Noko skuldast omleggjing til andre driftsformer, som på Johansgarden. Det må grunneigaren ha lov til. Likevel burda kommunen ha gjeve økonomisk stønad til dei som held fram med fruktdyrking. Uansett kostnad er det ein billig pris for å opprettholda identiteten til bygdi.
Men kommunen stimulerer ikkje til fruktal. Det dei gjer er å leggja ut bustadfelt på dyrka mark i stadig større omfang. Den mest drastiske reduksjonen skuldast omdisponering av LNF-areal. I nyare tid har me fleire døme på dette, og det mest dramatiske er utan tvil Skakgarden. I 2002 vart Vevlene (del av Skakgarden), ein stor og flat frukthage på den beste jordi i Henjagrendi ofra for å gjera plass til ny sjukeheim. Eg er viss på at kommunen kunda spart heile eller deler av frukthagen viss dei hadde bygt heimen i ein mindre plasskrevjande fasong. Ein "stjerneforma" gamleheim som breier seg utover mest heile den tidlegare hagen er neppe den mest arealsparande løysingi.
Fylkesmannen laut gripa inn
Då arealdelen i kommuneplanen vart revidert i 2008, gjekk kommunen inn for å omdisponera store areal på Njøs og Gjertrudbakken til bustadføremål. Og her er det snakk om den beste dyrka jordi i bygdi - klassifisert som "kjerneområde landbruk" på fylkesnivå. Sidan kommunen gjekk inn for slik uforsvarleg sløsing med den knappe ressursen som dyrka mark faktisk er, valde landbruksavdelingi hjå Fylkesmannen å gripa inn. Takk og pris for det!
Dei endrar fasaden
Bustader på Stadheimgarden fekk ikkje motsegn. Delvis fordi grunneigar var positiv, delvis fordi Fylkesmannen "ikkje kunne seia nei til alt". I sommar var reguleringsplanen godkjend, og ein stor del av frukthagen vart hogd ned. Tenk deg fasaden til bygdi: Tettstadsskiltet Hermansverk, vakker frukthage med gamle, store pæretre og beitande sauer med lamb... Dette vert no bytt ut med bustader. Kanskje eit symbol på at bygdi ikkje lenger er den same som ho ein gong var?
"Det er ingen skam å snu"
Nei, det er enno ikkje for seint. Sjølv om ein heil del har vorte forandra og brote ned dei siste åri, er det framleis mykje att av det gamle. Sjeli vår er verd å ta vare på. No lyt folk og lokalpolitikarar opna augo! Når kommuneplanen skal reviderast etter valet, bed eg kommunen om å visa vyrdsemd for den dyrka marki. Ein lyt heller sjå på andre mulegheiter. Eg oppmodar serskilt om å stryka dei planlagde bustadfelti i Øpstahagen og på Lahella, og å ta eit endeleg oppgjer med Reguleringsplanen Myri på Henjum frå 1996 (slik grunneigar so tydeleg har bede om).
Skriverier og slikt
Får no skriva litt av og til, når eg har noko på hjarta. So får dei lesa, dei som har hug til det. Meiningytringar lyt de tola. Slik er eg. Eg er øye oppteken av heimbygdi mi, Systrond, so det vert nok mykje lokalpolitikk i bloggen. Men eg garanterer ikkje jamnlege oppdateringar. Eg skriv berre når eg har noko vitigt å skriva. Elles let eg vera.
Abonner på:
Innlegg (Atom)