fredag 19. august 2011

Å selja si eigi sjel

Ingen vil vel selja si eigi sjel? Diverre er det nett det Leikanger kommune står i fåre for å gjera.

I en Længde af mere end en geografisk Mil staar Frugttrærne i de talrige Haver langs de to Bygdeveier i en sammenhængende Kjæde, der bugter sig mellem Gaardene. Den smale Bygdevei, der strækker sig fra Grindedalen i vest til Henjumsdalen i øst, er en gammel typisk norsk Vei, der i Bakker og Slyngninger snor sig fra Gaard til Gaard og er baade interessant og afvekslende. Langs denne Vei ligger Husene saa skjult, at der paa mange Steder kun sees en Smule Tag eller Gavl imellem den tætte Skov af Frugttrær, der paa alle Kanter omringer dem. (Valentin Voss: Af en norsk Bjørnejægers Oplevelser)
Fruktbygdi Systrond
Systrondsbygdi er i serklasse når det gjeld fruktdyrking. Heilt sidan midten av 1800-talet har dei endelause rekkjene av frukttre vore det fremste kjenneteiknet for bygdi. Og då kommunevåpenet skulde fastsetjast i 60-åri var det ikkje tvil om korleis det skulde sjå ut. Samtlege parti let frukthagane og kulturlandskapet prega fyrstesidene i valkampprogrammi deira. Det ser ut til at alle er stolte over identiteten vår. Likevel klarer ikkje politikarane å ta vare på han.

Stimulera til fruktdyrking?
Sidan 80-åri har talet på frukttre berre gått ein veg. Noko skuldast omleggjing til andre driftsformer, som på Johansgarden. Det må grunneigaren ha lov til. Likevel burda kommunen ha gjeve økonomisk stønad til dei som held fram med fruktdyrking. Uansett kostnad er det ein billig pris for å opprettholda identiteten til bygdi.


Men kommunen stimulerer ikkje til fruktal. Det dei gjer er å leggja ut bustadfelt på dyrka mark i stadig større omfang. Den mest drastiske reduksjonen skuldast omdisponering av LNF-areal. I nyare tid har me fleire døme på dette, og det mest dramatiske er utan tvil Skakgarden. I 2002 vart Vevlene (del av Skakgarden), ein stor og flat frukthage på den beste jordi i Henjagrendi ofra for å gjera plass til ny sjukeheim. Eg er viss på at kommunen kunda spart heile eller deler av frukthagen viss dei hadde bygt heimen i ein mindre plasskrevjande fasong. Ein "stjerneforma" gamleheim som breier seg utover mest heile den tidlegare hagen er neppe den mest arealsparande løysingi.

Fylkesmannen laut gripa inn
Då arealdelen i kommuneplanen vart revidert i 2008, gjekk kommunen inn for å omdisponera store areal på Njøs og Gjertrudbakken til bustadføremål. Og her er det snakk om den beste dyrka jordi i bygdi - klassifisert som "kjerneområde landbruk" på fylkesnivå. Sidan kommunen gjekk inn for slik uforsvarleg sløsing med den knappe ressursen som dyrka mark faktisk er, valde landbruksavdelingi hjå Fylkesmannen å gripa inn. Takk og pris for det!


Dei endrar fasaden
Bustader på Stadheimgarden fekk ikkje motsegn. Delvis fordi grunneigar var positiv, delvis fordi Fylkesmannen "ikkje kunne seia nei til alt". I sommar var reguleringsplanen godkjend, og ein stor del av frukthagen vart hogd ned. Tenk deg fasaden til bygdi: Tettstadsskiltet Hermansverk, vakker frukthage med gamle, store pæretre og beitande sauer med lamb... Dette vert no bytt ut med bustader. Kanskje eit symbol på at bygdi ikkje lenger er den same som ho ein gong var?

"Det er ingen skam å snu"
Nei, det er enno ikkje for seint. Sjølv om ein heil del har vorte forandra og brote ned dei siste åri, er det framleis mykje att av det gamle. Sjeli vår er verd å ta vare på. No lyt folk og lokalpolitikarar opna augo! Når kommuneplanen skal reviderast etter valet, bed eg kommunen om å visa vyrdsemd for den dyrka marki. Ein lyt heller sjå på andre mulegheiter. Eg oppmodar serskilt om å stryka dei planlagde bustadfelti i Øpstahagen og på Lahella, og å ta eit endeleg oppgjer med Reguleringsplanen Myri på Henjum frå 1996 (slik grunneigar so tydeleg har bede om).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar