søndag 21. august 2011

Kommunen lét sjansen gå frå seg

I 2002 bygde kommunen ny sjukeheim på Skakgarden. Det var den store, flate frukthagen i Vevlene, blant den beste jordi i Henjagrendi, som gjekk med til dette. Til trass for dette omfattande grepet, framstår Skakgarden framleis som ein typisk gard med eit flott kulturlandskap rundt. Dette takka vera at sjølve tunet, omkransa av nokre rekkjer med frukttre, fekk liggja urørt.



Kommunen har skutla bort sin sjanse
Fleire politiske parti går no inn for å byggja omsorgsbustader i tilknyting til sjukeheimen. Den tanken er i utgangspunktet veldig god. Eit område langs den nye vegen, rett nedom sjukeheimen, låg framleis urørt i 2004. Dette arealet hadde vore ypparleg for dei nye omsorgsbustadene. Diverre valde kommunen å leggja ut bustadtomter nett her, og desse bustadene vart sjølvsagt bygde kort tid etterpå. Dette var kommunen sin beste og kanskje einaste sjanse til å realisera omsorgsbustader nær sjukeheimen. Men kommunen forhasta seg, og skutla bort denne fantastiske sjansen.



Umoralsk å byggja ned Skakgarden
Det var foreldri til den noverande grunneigaren som hadde hand om Skakgarden då kommunen oreigna frukthagen for nokre år sidan. Den nye bonden nyttar all si fritid til å driva og utvikla garden. Han seier han ynskjer å bevara garden slik han er no. Skal han lastast for at kommunen handla på ein uklok og lite framtidsretta måte for eit halvt tiår sidan? Dei fleste politiske parti går no inn for nett dette: Dei peikar på Skakgarden som areal for nye omsorgsbustader.

Finn andre løysingar
Kommunen er for seint ute. Dei korkje kan eller bør opna for nedbyggjing av Skakgarden. Leikanger kommune har spelt ut sine kort, og lyt heller sjå seg om etter alternative løysingar andre stader. Me vil aldri få den optimale løysingi på problemet, men det får våga seg. Rasering av kulturlandskapet og landbruksressursane på Skakgarden er i alle høve uakseptabelt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar