Den fyrste august 2012 vart den største rettskrivingsendringi for nynorsk sidan 1938 gjennomførd. Mandatet til rettskrivingsnemnda har vore å laga "ei tydeleg, enkel og stram norm" som "er stabil over tid". Det vart slege fast at nynorsken skal normerast på eigen grunn - ubunde av bokmål. Dette fordi målet om å smelta dei to språki saman til eitt vart skrinlagd for godt i 2002. Bokmål fekk ny, konservativ rettskriving i 2005.
Språkrådet seier at endringane ikkje er så store, og det verkar som det berre er former som [bygdi], [fjelli], [jentor] på tradisjonell side og [bare], [noen] og mye på samnorsk side som vert tekne ut or rettskrivingi. Dei verkelege endringane blir hysja ned. Røyndomen er at nynorsken vert meir vid og rotete enn før, han vert meir samnorsk/bokmålsnær enn før, og alle bandi attende til Ivar Aasen vert brotne.
Ikkje strammare
290 former er tekne ut or nynorsken. Så mykje som 234 av desse er diverre tradisjonelle former som massing, [klyppa] og verkty. Men nedskjeringane i valfridomen råkar mest sjeldsynte ord (76 av dei 290 har 0 treff i Det nynorske tekstkorpuset, 22 har 1 treff, medan 218 har under 100 treff). Om former som bose el. boso og eksis el. eksersis er valfrie skulle neppe gjera nynorsken vanskeleg, for dette er ord me sjeldan eller aldri ser skrivne. Det er i det sentrale ordtilfanget (dei vanlege ordi) det er viktig å redusera valfridomen. Men her har nemndi heller auka han. 136 nye former er tekne inn i nynorsken, hovudsakeleg i dei mest frekvente orda. Av desse kjem 120 frå bokmål, t.d. svømme, ønske, sørge osv.
Me ynskjer dykk velkomne og nokre vener slæst
Me ynskjer dykk velkomne kan no skrivast på 16 ulike måtar, t.d. denne: Vi ønsker dokker velkomne. Før kunne setningi skrivast på 4 ulike måtar i den vide rettskrivingi, mot berre 2 i læreboknormalen. Og alle dei seksten skrivemåtane er hovudformer som kan nyttast i lærebøker og statlege skriv.
På den andre sida er nokre vener slæst skrekkdømet frå den gamle rettskrivingi, som då kunne skrivast på 24 ulike måtar. Men i 20 av desse var det snakk om klammeformer som [noen], [slæst] og [slåss]. I læreboknormalen var det såleis berre 4 skrivemåtar, og av den grunn var det ikkje noko stort formsprik i normal nynorsk.
Problematisk valfridom
Kvifor er det så problematisk med valfridom i det sentrale ordtilfanget? Fordi det er desse ordi folk oftast ser i skrift, gjev valfridom i desse eit stort formsprik i vanleg nynorsk. T.d. kan ønskjer dukka opp gjennomsnittleg tre gonger per sideoppslag i ei lærebok. Til no har ønskjer vore hovudform medan [ynskjer] har vore tillaten som sideform. No er desse jamstelte i tillegg til at ønsker og ynsker er komne inn som nye former. Når du finn den eine formi i ei bok, den andre i neste osv, er det ikkje godt å veta kva form du skal skriva sjølv - du vert språkleg usikker. Med 2012-normalen har nynorsken heller fått normoppløysing enn norm. Eit sjeldsynt ord som bose el boso dukkar kanskje opp ein gong per femtande bok du les, og då er det lite til gagn at boso er teken ut or rettskrivingi.
Talemålsnært?Nemndi har teke inn mange nye bokmålsformer i nynorsken, og heller ikkje vore like streng med nedskjeringi av bokmålsformer som dei har vore med tradisjonsformer. Dei ser på tilnærmingsformer som "utvikling", "moderne nynorsk" og "talemålsnært". Kor mykje truverde har ynskjet om talemålsnære former når [klyppa], [smolt], [plome] og jamstelling vert tekne ut or nynorsken til fordel for klippe, smult, plomme og jamstilling? Dei som snakkar bokmålsnært har god støtte i bokmålet. Dei som snakkar nynorsknært vil alltid liggja nærast nynorsken, same kor bokmålsnær han blir. Men også me har rett på eit eige skriftspråk - me vil ha skikkeleg nynorsk.
Meir bokmål = avvikling av nynorsken
Det er sagt i sidemålsdebatten at det er lettare å læra to ulike språk enn to nærskylde språk. Sistnemnde fører berre til forvirring. Difor må bokmålet vera "bokmålsk" og nynorsken vera "nynorsk", slik at me kan skilja språki ifrå kvarandre. Nynorsken treng ein prestisje som eit sjølvstendig språk. 2012-normalen aksepterer ei stode der bokmål er normalen, og det fører ikkje til anna enn avvikling av det nynorske skriftspråket.
Eg vil dela ei eigi erfaring frå ungdomsskulen: Eg skreiv "normalnynorsk" etter mønster frå lærebøkene i 8. klasse. E-infinitiv, ø-former (t.d. gløtt, løgn og nøkkel), monoftongar (t.d. rør, høre osv.) og dobbelkonsonantar (t.d. møkk, kjøkken, kjøtt og bønn) gjorde nynorsken for lik bokmål. Eg tenkte bokmål, og såleis kom forbodne former som ønske og [legge] av seg sjølv. Eg hadde karakteren 4. Då eg byrja å skriva meir tradisjonelt fekk eg attende den nynorske tankegangen, og enda opp på karakteren 6. Nynorske sermerke som a-infinitiv, y-former (glytt, lygn og nykel), diftongar (røyr, høyra osv.) og enkelkonsonantar (møk, kjøken, kjøt og bøn) har meir å seia enn ein skulle tru.
Dokker
Så lenge me har hatt nynorsk har pronomenet de (subjektform) og dykk (objektform) vore eineform for andre person fleirtal. I 2012-normalen vert eit nytt system med dokker (subjekt-/objektform) jamstelt med de - dykk. Skal ein fyrst koma einskilde talemålsformer i møte, lyt ein koma dei andre i møte òg. Kva med dikka, deke, deko, dokk, døkk og dere? 2012-normalen favoriserer eitt av dei mange systemi som finst rundtom i landet. Det mest demokratiske er å halda på de - dykk som eineform - det vert like framandt for alle. Dessutan er det dykk som best sameinar overgangar til i/e (dikka/deke) på den eine sida og ø/o (døkk/dokk) på den andre.
Kritikk
I Sogn Avis hevda Jan Olav Fretland at "også dei mest ihuga Ivar Aasen-tilhengjarane har kome med innspel, men til å vera ei såpass stor endring har det vore lite usemje og diskusjon." Dette er ei merkverdig utsegn frå Fretland. I høyringsrunden i februar 2011 kom det inn mange fråsegner, og ein ikkje ubetydeleg del av desse kom med kritikk av nemndi og framlegget deira. På høyringsmøtet var det oppheta diskusjon mellom Arvid Langeland i Voss Mållag og forfattaren Edvard Hoem. Lag og einskildpersonar har skrive brev til Språkrådet og departementet for å stogga rettskrivingsendringane. På landsmøtet til Noregs Mållag i 2011 vart det ikkje fleirtal korkje for nemndi eller Voss Mållag sine framlegg. Dette syner at organisasjonen er kløyvd på midten. Saki var oppe også på landsmøtet i 2012, og då røysta 63 for eit framlegg frå Ullensvang Mållag om å trekkja attende rettskrivingi, medan 74 røysta mot (og 4 var fråhaldande). At over 40 % av landsmøteutsendingane gjekk inn for å trekkja tilbake ei allereie godkjend rettskriving, og at det no blir arbeidt med ei alternativ norm, syner kor mykje usemje og diskusjon det er og har vore om 2012-normalen. I den grad Fretland har rett, så er det berre fordi Språkrådet har hysja ned og neglisjert dei kritiske røystene i debatten. Ottar Grepstad har sagt at "ingen store nynorskorganisasjonar har gått imot rettskrivingi", men Målungdomen uttrykte tydeleg nok at "me meiner ikkje at framlegget som førelåg 1. februar 2011 er godt nok."
Det er enno håp
Eit nettverk beståande av lag og einskildpersonar over heile landet arbeider med å gje ut ei alternativ ordliste, som tilbyd ei tydeleg, enkel og stram norm. Denne normi er bygd på enkle reglar i staden for ei mengd unntak, og ho inneheld kjende tradisjonelle former. Ordlista er venteleg i handelen på nyåret.
fredag 3. august 2012
mandag 14. mai 2012
Bøndene produserer all maten vår. Dei arbeider frå tidleg morgon til seine kveld, og helg veit dei ikkje kva er. Likevel tener bøndene mindre enn andre yrkesgrupper. Ikkje rart at talet på gardsbruk i drift går drastisk ned for tidi. I landbruksmeldingi var regjeringi verkeleg på offensiven, og lova eit tidsskifte i norsk landbruk. Talet på bønder må haldast stabilt og betre løn er det mest effektive verkemidlet. Endeleg skjøna dei det i Oslo òg - trudde me.
Men så kom skamtilbodet no i landbruksoppgjeret. Eit uakseptabelt tilbod - ei skam utan sidestykke - som aukar det allereie store lønsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper. Var landbruksmeldingi berre tome ord? Bondelaget og Småbrukarlaget braut sjølvsagt forhandlingane med det same. Ei slik lønsutvikling kan dei ikkje tola. Kan me tola det? Nei! Me vil ha eit levande landbruk over heile landet som produserer kortreist mat av høg kvalitet. Klart noregs viktigaste yrkesgruppe skal ha like høg løn som alle andre yrkesgrupper!
Det interessante er at folk flest støttar bøndene. I dag har det vore aksjonert ved at traktorar blokkerer vegene våre og andre kreative aksjonsformer. Til trass for at ein vert hindra i å koma fortast mogeleg frå A til B, tykkjer folk det er på sin plass at bøndene aksjonerer. Dette er sterke og tydelege signal, som eg håpar og trur at regjeringi tek på alvor. No er me komne til eit taktskifte i norsk landbruk. Ein ny vår - om berre regjeringi vil, då.

fredag 13. april 2012
Har ikkje Leikanger noko betre å by på?
Systrond - bygdi som badar i solskin og med utsikt over den verdskjende Sognefjorden. Det skulle ikkje vera vanskeleg å få folk til å flytta til denne vakre bygdi med like gode arbeidsmogelegheiter som i ein by. Men no er kommunen i beit for nytt bustadareal. Rett nok er det framleis nokre ledige tomter i private bustadfelt på Austaberg og i Trisældene, men Stadheimgarden står i stampe på grunn av usemje om vegframføringi.
For å bjoda nye systrendingar eit "variert og trygt nok tilbod på bustadsida framover" vil kommunen byggja ut Nedste Skitmyrane og Berlehagen - arealet i skråningi frå Sagi ned til Henjaelvi. Dette feltet vart regulert i fjor haust, og storparten av feltet ligg i området som kommunen kjøpte av Agnar Gåserud i 1999. Skitmyrane er faktisk det einaste planlagde bustadområdet der kommunen eig grunnen. Men om lag ein tredel av feltet ligg på privat grunn.
Næraste nabo til området, Randi Berge, har skrive fleire merknader til kommunen gjennom reguleringsprosessen. Ho opplyser om at det er snakk om ein av dei plassane på Systrond med dårlegast solforhold. Det svarer ikkje akkurat til folk sine forventningar om solvende tomter med utsikt. I tillegg er området svært bratt og blautt. Det er ikkje utan grunn at området vert kalla Skitmyrane. Prosjektet kjem utan tvil til å få ein svært høg utbyggjingspris.
Om støyforholdi skriv kommunen at "det finst fleire bustadar som ligg like nære og nærare Henjaelvi som har liknande topografi i forhold til elva samanlikna med dette planområdet. Det er ikkje kjennskap til at desse har hatt problem med støy frå elva." Randi Berge, som i praksis nesten bur i planområdet, er heilt usamd. Elvi er sjenerande veg høg vassføring, og ho har sjølv hatt støymålar og mælt støyen til å vera godt over maksgrensa.
No vil kommunen kjøpa den private delen av planområdet for kr. 113,50 per kvadratmeter, til saman kr. 450 000,-. I tillegg vil det kosta millionar å føra fram veg og infrastruktur til feltet som korkje har sol eller utsikt, men i staden trekk og støy frå elvi og grunnvatn i utømelege mengder. Det er rett og slett skammeleg om dette er det beste kommunen har å tilby!
Kart over planområdet finn de her.

Abonner på:
Innlegg (Atom)