Bøndene produserer all maten vår. Dei arbeider frå tidleg morgon til seine kveld, og helg veit dei ikkje kva er. Likevel tener bøndene mindre enn andre yrkesgrupper. Ikkje rart at talet på gardsbruk i drift går drastisk ned for tidi. I landbruksmeldingi var regjeringi verkeleg på offensiven, og lova eit tidsskifte i norsk landbruk. Talet på bønder må haldast stabilt og betre løn er det mest effektive verkemidlet. Endeleg skjøna dei det i Oslo òg - trudde me.
Men så kom skamtilbodet no i landbruksoppgjeret. Eit uakseptabelt tilbod - ei skam utan sidestykke - som aukar det allereie store lønsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper. Var landbruksmeldingi berre tome ord? Bondelaget og Småbrukarlaget braut sjølvsagt forhandlingane med det same. Ei slik lønsutvikling kan dei ikkje tola. Kan me tola det? Nei! Me vil ha eit levande landbruk over heile landet som produserer kortreist mat av høg kvalitet. Klart noregs viktigaste yrkesgruppe skal ha like høg løn som alle andre yrkesgrupper!
Det interessante er at folk flest støttar bøndene. I dag har det vore aksjonert ved at traktorar blokkerer vegene våre og andre kreative aksjonsformer. Til trass for at ein vert hindra i å koma fortast mogeleg frå A til B, tykkjer folk det er på sin plass at bøndene aksjonerer. Dette er sterke og tydelege signal, som eg håpar og trur at regjeringi tek på alvor. No er me komne til eit taktskifte i norsk landbruk. Ein ny vår - om berre regjeringi vil, då.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar